Familiefotografering er ei koseleg og ofte veldig morosam tid på studioet. Her kan eg fotografere alt frå småfamilie til hele storfamilien som er samla. Eg har ok med plass på studio og har moglegheit til å ta imot store grupper opp til om lag 13stk. Nokre har også̊ pelskledde familiemedlemmar og de skal sjølvsagt få vere med. Kva uttrykk ein ønsker i bilda er opp til kvar enkelt kunde. Vi planlegg dette på førehand av fotograferinga. Familiefotografering er også mogleg å ta ute, men dette må planleggast på førehand.