Eg vil hjelpe di bedrift med å bygge tillit og få merksemd. Det er lite som øydelegg truverde meir enn fotografi som openbart ikkje er frå din bedrift. Marknaden i dag florerer av rimelege kjøpebilde. Klart det er freistande å kjøpe billlege stockphotos på nett.. Men har du tenkt over at bilda du viser fram til kundane dine er med på å skape førsteinntrykket av din bedrift? Om du bruker stockphotos eller knipsar med mobiltelefonen, så er ikkje desse bilda med på å styrke historia du prøver å formidle.
Enkle og uprofesjonelle bilde svekker dessverre tillit. Investerer du derimot i bedriftsfotografering, så vil gode og ekte bilde av tilsette i bedriftas omgivelser styrke ditt omdømme. Det gir truverd, og truverde skapar tillit. Eg jobbar for at bilda eg tek skal gi effekt og at det blir ei lønnsam investering for deg.Som fotograf kan eg ta profilbilde av dine tilsette enten i studio mitt, eller i form av miljøportrett i ekte omgivnad. Eg er utdanna fotograf, og har lang arbeidserfaring innan fotografering, kommunikasjon og også grafisk design- så med min kompetanse vil eg hjelpe bedrifta di å bygge opp mål og visjon med ei strategisk tilnærming.
Som bedriftsfotograf kan eg tilby fleire typar fotografering: Eg kan hjelpe deg med blant anna:
- Tilsettebilde/portrett i studio
- Miljøportrett på location
- Illustrasjonsbilde/bildedatabase
- Produktfotografering i studio
Eg skreddarsyr ulike løysingar for din enkelte bedrift, så ta kontakt for samtale og pristilbod.