Apr 28, 2025 | By: Fotograf MA AS
Ei stor takk!
Eg kjenner på djup takknemlegdom etter årets konkurransar, både i Norgesmeisterskapen i fotografi og i den internasjonale FEP Awards. Alle bileta mine i Landskonkurransen fekk Hederleg omtale, og mitt kommersielle portrett av vakre Amira for Embla Bunader fekk ein sterk 4. plass i kategorien Kommersiell.
I FEP Awards vart tre av mine bilete tildelt den prestisjetunge Merit Award. To av bileta har mine hjarteskattar Marielle og Bianca som modellar, medan den tredje tittelen vart delt med vakre Emine. Å få slik anerkjenning for bilete som står hjarta så nær, betyr utruleg mykje.
Eg vil rette ein varm takk til alle dei fantastiske modellane som stiller opp, og som med si nærleik, styrke og uttrykk gjev liv til bileta mine. De gjer historiene levande.
Fotografi handlar for meg om meir enn berre å fange eit bilete – det handlar om å skape kunst, å fortelje ei historie, å fryse augeblink som elles ville gli forbi. Det handlar om å skape minner som kan leve vidare i generasjonar.
Difor vil eg også nytte høvet til å løfte fram kor viktig det er å støtte lokale fotografar. Når du vel ein fotograf frå ditt eige nærmiljø, vel du ikkje berre ein handverkar – du vel ein historieforteljar som forstår landskapet, lyset, menneska, og dei små, men store, augneblinkane i livet ditt.
Livets milesteinar – som konfirmasjon, bryllaup, familieportrett, eller dei små kvardagsaugeblinka – fortener å bli dokumenterte med omtanke og innsikt. Lokal næring treng støtte for å blomstre, og saman kan vi ta vare på dei verdiane som bind oss saman som samfunn.
Tusen takk for all støtte, tillit og heiarop. Eg gler meg til å fortsetje å skape nye historier saman med dykk!
Desse tre bilder vart sendt inn til juryering i FEP AWARD 2025, og gjekk av med tittel MERIT.
0 Comments