Bryllaupsfesten – historia held fram
Når vielsen er over og skuldrene senkar seg, byrjar ei heilt anna forteljing.
Bryllaupsfesten handlar om menneska. Om dei som har reist langt for å feire dykk. Om latteren som sit laust, tårene som kjem når ingen ventar det, dei varme klemmane, overraskingane og alle dei små augneblikka som ingen klarer å planleggje.
Det er desse minna eg ønskjer å ta vare på.
Gjennom heile festen arbeider eg diskret og dokumentarisk. Eg beveger meg mellom gjestane og fangar både dei store og dei små historiene som utspeler seg. Alt frå borddekkinga, blomsterdekorasjonane og dei nøye utvalde detaljane, til serveringa frå kjøkkenet, vin som blir skjenkt, dei vakre rettane, spontane smil rundt borda og dei små blikka mellom menneske.
Eg dokumenterer talane, songane, overraskingane, leikane og dei uventa innslaga som gjer akkurat dykkar bryllaup heilt unikt. Kanskje bryt nokon ut i latter så tårene renn. Kanskje blir salen heilt stille under ei rørande tale. Kanskje blir det ståande applaus, dans på stolane eller eit dansegolv som fyllest frå første tone.
Det er nettopp desse kontrastane som gjer bryllaupsfesten så fantastisk å fotografere.
For at eg skal vere best mogleg førebudd, har eg alltid ein tett dialog med toastmaster før bryllaupet. Eg set stor pris på å få tilsendt køyreplan og informasjon om talar, innslag og overraskingar. Då kan eg vere på rett plass til rett tid og sikre at ingen viktige augeblink går tapt.
I ein heil dags bryllaupsfotografering dokumenterer eg festen fram til brudevalsen. Mange vel også å utvide fotograferinga litt ekstra, slik at dei får med den første timen på dansegolvet – når slipset har hamna rundt panna, hælane er sparka av, musikken spelar høgt og feiringa verkeleg slepp seg laus.
Når dagen er over, er maten eten, blomane visna og musikken stilna. Det som står att, er minna.
Og nettopp derfor meiner eg festen fortener like mykje plass i bryllaupsforteljinga som vielsen og portretta. Det er her de får sjå alt de kanskje ikkje rakk å oppleve sjølve. Små samtalar mellom besteforeldre og barnebarn. Blikk på tvers av bordet. Venner som ler så dei doblar seg. Foreldre som tørkar ei tåre i smug.
Det er desse bileta som med åra blir ein skatt. Ei levande minnebank over alle menneska som var samla for å feire det viktigaste av alt – kjærleiken.