Brudepynting – der dagen verkeleg byrjar
Brudepyntinga er starten på bryllaupsdagen. Det er her forventningane byggjer seg opp, latteren sit laust, nervane melder seg – og dei første tårene kan kome. Det er ein heilt spesiell del av dagen, fylt av små augeblink som fortener å bli tekne vare på.
Eg dokumenterer førebuingane på ein naturleg og diskré måte, slik at de kan vere til stades saman med dei næraste. Samstundes fangar eg alle dei små detaljane som fortel historia om dagen: invitasjonar, ringar, smykke, sko, kjolen, sløret, parfymen, blomane og andre personlege element som har fått sin plass i bryllaupet. Eit vakkert flatlay gir ei heilskapleg forteljing om alle detaljane de har brukt tid på å velje.
Når kjolen blir kneppt igjen, slipset blir retta på plass, eller forlovarane hjelper til med dei siste førebuingane, oppstår ofte dei mest ekte augneblikka. Smil, latter, gode klemmar – og kanskje ei lita tåre frå nokon som plutseleg kjenner at den store dagen endeleg er her.
Eg fotograferer både brud og brudgom dersom tidsplanen tillèt det. Førebuingane er ofte svært ulike, men like verdifulle å ta vare på. Begge fortel kvar si side av historia før de møtest til vielsen.
Nokre enkle tips
For å få dei finaste bileta anbefaler eg at de pyntar dykk i eit rom med godt dagslys og ryddar bort posar, koffertar, klede og andre ting som kan forstyrre uttrykket. Legg gjerne fram ringar, invitasjonar, smykke, sko, parfyme, mansjettknappar, klokke og andre detaljar de ønskjer dokumenterte før eg kjem. Då kan eg starte fotograferinga med desse medan hår og sminke blir lagt.
Gi gjerne litt ekstra tid i køyreplanen til førebuingane. Det er ofte her nokre av dei mest stemningsfulle og personlege bileta frå heile bryllaupsdagen blir skapte.
Når dagen er over, er det ofte nettopp desse stille augneblikka – før alt tek til – som betyr aller mest å sjå tilbake på

Når dagen er over, er det ofte nettopp desse stille augneblikka – før alt tek til – som betyr aller mest å sjå tilbake på.