• HEIM
  • INFO
    • OM MA
    • OM STUDIO
    • ÅNDSVERKLOVEN
  • BRYLLUP
    • Bryllup Hovedmeny
    • PYNT
    • FIRST LOOK
    • VIGSLE
    • SESSION
    • FEST
    • TIND
  • BEDRIFT
    • Bedrift Hovedmeny
    • PORTRETT
    • GRUPPE
    • BILDEBANK
  • KUNST
    • Kunst Hovedmeny
    • KUNSTPORTRETT
    • TYLL PÅ TIND
    • STADER FOR SKRIFT
  • PORTRETT
    • Portrett Hovedmeny
    • GRAVID
    • BABY
    • BARN
    • SØSKEN
    • FAMILIE
    • KONFIRMANT
    • PORTRETT
    • UTE
  • BLOGG
  • PRISLISTER
    • PRISLISTE ORDINÆR
    • PRISLISTE BRYLLUP
    • KUNSTFOTOGRAFERING 2025
  • 1:1 MENTORING
  • BESTILL TIME
MENU
Fotograf MA Logo

MENTORING

Kva er 1:1 mentoring?

Mentoring handlar om å få individuell rettleiing og oppfølging frå ein erfaren fotograf, slik at du kan utvikle deg fagleg og kreativt på ein effektiv måte. Det gir deg moglegheita til å få svar på dine spesifikke spørsmål, få praktiske råd og tilpassa tilbakemelding, og ikkje minst, bli inspirert til å ta fotograferinga di til neste nivå.

1:1 mentoring er for deg som fotograferer, anten du driv profesjonelt eller som ein lidenskapeleg hobby, og som vil utvikle deg vidare raskare. Kanskje du drøymer om å byggje opp di eiga fotobedrift, eller du har allereie starta, men står fast på vegen vidare? Eg hjelper deg å finne retning, bygge tryggleik og ta stega som fører deg nærare måla dine.

Kjenner du at du står stille og treng eit kreativt dytt? Har du spørsmål du ønskjer å få svar på frå ein erfaren fotograf? Det einaste du treng er ditt eksisterande utstyr og eit sterkt ønskje om å utvikle deg. Eg deler mine erfaringar, både oppturar og fallgruver, slik at du kan unngå unødvendige omvegar og heller fokusere på progresjon.

Lær av nokon som har gått vegen før deg

Fotografi har vore ei lidenskap sidan tenåra, men reisa tok fart då det analoge mørkerommet vart oppdaga under studietida ved Danvik Internasjonale Mediesenter. Der oppstod forelskinga i den magiske prosessen – frå film til ferdig print – og fundamentet for den visuelle forteljargleda vart lagt. Trass i at bakgrunnen ligg innan design, var det ei skjellsetjande oppleving i 2004 som endra kursen for alltid. Etter å ha mista eit barn i fødsel, voks ønsket om å vie livet til å fange minne – å fryse augeblink og skape visuelle historier som varer.

Sidan den gong har fotograferinga vore eit eventyr. Den profesjonelle karrieren byrja i 2004, og vidare har den ført til to sertifiseringstitlar gjennom FEP, samt QEP (Qualified European Photographer) – eit europeisk sveinebrev innan fotografi. I tillegg kjem norsk svennebrev i fotograffaget med beste resultat: Bestått Meget. Konkurransearenaen har vore ein viktig del av utviklinga, og har resultert i gull i NM i fotografi (Landskonkurransen), fleire utmerkingar som Årets Barnefotograf og Årets Bilde i MR Fotograflaug, samt deltaking på det norske landslaget i fotografi.

Hausten 2025 vart arbeidet ytterlegare stadfesta då tittelen Årets Fotograf vart tildelt etter høgast samanlagt poengsum på fire premierte bilete i ulike sjangrar: Barn, Bryllup, Kreativt portrett og Klassisk portrett – i Laugskonkurransen.

Lang erfaring i bransjen har også ført til kompetanse innan juryering. Sertifisering til å juryere både på laug- og landsnivå har ført til fleire juryoppdrag, mellom anna for MR Fotograflaug og den prestisjetunge Landskonkurransen (NM).

I tillegg til den fotografiske erfaringa har eg ein pedagogisk bakgrunn, og fleire års røynsle som medielærar på vidaregåande. Eg har også vore sensor i eksamenar for Møre og Romsdal fylke. Gjennom tidlegare tretrinnskurs i fotografi har eg utvikla eit formidlingsbasert undervisningsopplegg som kombinerer fagleg djupn med praktisk læringsglede. Denne kombinasjonen av fagkompetanse, vurderingsevne og pedagogikk gir eit trygt grunnlag for individuell utvikling – noko som kjem deltakarar i kurs og mentoringprogram direkte til gode.

Fotografiet spenner breitt, med arbeid innan kommersielle oppdrag så vel som livets store augeblikk: nyfødd-, gravid-, bryllaups- og konfirmasjonsfotografering. Dei siste åra har fokuset i stadig større grad vore retta mot fineart-fotografiets vakre verd – der kunst og fotografi smeltar saman til tidlause, uttrykksfulle bilete.

Hugs; at i eit mentoring program er ingen spørsmål for små eller uviktige. Eg ønskjer å dele alt eg har lært, slik at du kan unngå unødvendige feil og heller bruke tida di på det som verkeleg betyr noko for di utvikling. Eg er her for deg.

Kva er inkludert?

Eg tilbyr tre ulike pakkar, slik at du kan velje det som passar deg best. Innhaldet vert tilpassa dine behov, slik at du får maksimalt utbytte.

 

Dette er noko av det kan vi fokusere på:

  • Frå hobbyfotograf til profesjonell – korleis du kjem i gang

  • Lyssetting
  • Effektiv arbeidsflyt 

  • Salg av produkt
  • Prissetting
  • Posering og naturleg rettleiing under fotograferingar

  • Korleis skape ein heilskapleg og unik fotostil

  • Kamerateknikk og optimalisering av utstyr

  • Redigering i Lightroom og Photoshop

  • Marknadsføring og booking av kundar

  • Konkurransebilder

VELG DI PAKKE

Pakke 1

  • 2 timar mentoring

  • 1 valfritt tema
    Kr 7.500 eks. mva

 

Pakke 2

  • 4 timar mentoring

  • Inntil 3 tema
    Kr 13.000 eks. mva

 

Pakke 3

  • 9 timar mentoring (kan fordelast over 2 dagar)

  • Inntil 6 tema

  • 1 times ordinær fotografering med ekte kundar, der du får observere og få rettleiing undervegs. Denne kan oppgraderes til FineArt oppsett mot et tillegg i pris

  • Gjennomgang og tilbakemelding på ditt ferdige galleri
    Kr 25.000 eks. mva

Praktisk informasjon

Eg tilbyr mentoring både fysisk og digitalt, avhengig av kva som passar best for deg. Eg tilrår sterkt å møtast fysisk for best mogleg utbytte, så vit at du er hjarteleg velkomen til mitt studio på Liadal. I studio kan vi jobbe i fred og ro i eit inspirerande miljø, men eg kan også sjølvsagt kome til ditt studio mot dekking av reisekostnader.

Om du ønskjer å kome til Liadal for opplæring, finst det fleire overnattingsmoglegheiter i nærleiken. Dette gir oss òg moglegheita til å kombinere opplæringa med ei sosial oppleving, og kanskje får eg vist deg litt av den vakre Sunnmørsnaturen eg bur midt i hjartet av.

Er du klar til å investere i di utvikling som fotograf?

Fyll ut skjemaet, så høyrer du snart frå meg!

 

TYLL

Eg har ei stor breidde i ulike sjangre innen fotograf faget. Noko eg er blitt kjend for er sjølvportrett serien min Tyll på Tind som enda i utstilling og bokformat. Eg fekk publisitet i VG og regionale aviser, samt TV2 kom på besøk for å lage reportasje om meg og prosjektet.

MAMMA

Eg er mamma til fem – fire hos meg i dag, og ei lita jente som vi mista kort tid etter fødsel i 2004. Denne livserfaringa har forma meg, både som menneske og fotograf. Sorga åpna opp ei fordjuping i fotografiets verden. Ho har gitt meg eit djupare blikk for det sårbare, det nære og det ekte – og ei sterkare evne til å sjå det unike i kvart enkelt menneske eg fotograferer.

MENTOR

Med utdanning innan fotografi, design og pedagogikk, og over 20 års erfaring i bransjen, tilbyr eg både fagleg tyngde og ekte engasjement. Som QEP-sertifisert fotograf og prisvinnar nasjonalt og internasjonalt, brenn eg for å dele kunnskap – og for å vere ein trygg og inspirerande mentor som løftar deg vidare, uansett kor du står.

Thank you for contacting us!

We have received your message and will contact you shortly

View Receipt View Submission
This site is protected by reCAPTCHA and the Google Privacy Policy and Terms of Service apply.

Thank you for contacting us!

We have received your message and will contact you shortly

View Submission
Leave this field empty

“"You don’t take a photograph, you make it.”

— ANSEL ADAMS

Personvernerklæring
Copyright Fotograf MA ORTIZ
Standardvilkår for Fotografering
Crafted by PhotoBiz
Kontakt E-post
Mobil
Adresse Studio
Kontakt E-post
Mobil
Adresse Studio
CLOSE
Kontakt E-post
Mobil
Adresse Studio
  • HEIM
  • INFO
    • OM MA
    • OM STUDIO
    • ÅNDSVERKLOVEN
  • BRYLLUP
    • Bryllup Hovedmeny
    • PYNT
    • FIRST LOOK
    • VIGSLE
    • SESSION
    • FEST
    • TIND
  • BEDRIFT
    • Bedrift Hovedmeny
    • PORTRETT
    • GRUPPE
    • BILDEBANK
  • KUNST
    • Kunst Hovedmeny
    • KUNSTPORTRETT
    • TYLL PÅ TIND
    • STADER FOR SKRIFT
  • PORTRETT
    • Portrett Hovedmeny
    • GRAVID
    • BABY
    • BARN
    • SØSKEN
    • FAMILIE
    • KONFIRMANT
    • PORTRETT
    • UTE
  • BLOGG
  • PRISLISTER
    • PRISLISTE ORDINÆR
    • PRISLISTE BRYLLUP
    • KUNSTFOTOGRAFERING 2025
  • 1:1 MENTORING
  • BESTILL TIME