Seremoni på Vakre Flø
Jul 27 2026 | By: Fotograf MA
Havet song sin eigen melodi
Nokre stader ber med seg ei heilt eiga ro.
Flø er ein slik stad.
Her møtest hav og himmel i eit landskap som stadig er i rørsle. Bølgjene finn stranda, vinden dansar gjennom graset, og naturen skaper ei stemning ingen kan regissere.
Det var nettopp her desse to valde å samle sine næraste.
På ein stad som betyr mykje for dei begge.
Etter ein roleg og stemningsfull bryllaupssession trekte dei seg tilbake til huset ved stranda for eit lite pusterom. Eit siste augeblink berre for dei og nærmaste familie, før gjestane samla seg og seremonien skulle ta til.
Så kom dei.
Brura, arm i arm med far sin, gjekk den vesle stien gjennom graset ned mot stranda. Havet song sin eigen melodi, vinden leika i sløret, og alle augo følgde dei stille stega fram mot menneska som venta.
Det var enkelt.
Det var jordnært.
Og det var utruleg vakkert.
Seremonien vart leia av ein nær ven av brudeparet. Det gjorde kvart ord personleg, varmt og ekte. Dei små detaljane fekk ekstra betydning når dei kom frå nokon som kjende historia deira.
Då ringane var på plass og løfta var gitt, skjedde noko som fekk alle til å smile.
Seremonimeisteren kasta armane i vêret og jubla av rein glede over dei to. Latteren smitta gjennom heile forsamlinga, og akkurat der og då fanst det berre éi kjensle.
Lykke.
Etterpå vart det klemmar, gratulasjonar og varme ord før alle trekte opp att mot huset for å halde fram feiringa saman.
Det er noko heilt spesielt med seremoniar som vågar å vere enkle.
Når naturen får spele hovudrolla saman med menneska. Når vinden, lyset og havet blir ein del av forteljinga. Når kjærleiken får vere akkurat slik han er – utan staffasje, berre omgitt av dei menneska som betyr aller mest.
Slike dagar går ikkje berre inn på minnekortet.
Dei går rett inn i hjartet. . . .
Leave a comment
0 Comments