Interoptik Volda
Thursday, July 17, 2025 | By: Fotograf MA AS
Nyleg fekk eg besøke den flotte gjengen hos Interoptik Volda – eit team fullt av fagkunnskap, varme og profesjonalitet. Her fekk eg dokumentere både portrett av dei tilsette og ein kunde si reise gjennom ei grundig synsundersøking.
Det er så verdifullt når bedrifter satsar på visuell dokumentasjon av det dei faktisk gjer – ikkje berre for å vise kompetanse, men for å styrke relasjonen med kundane sine. Med gode portrett og ekte situasjonsbilete får ein formidla både tillit, kvalitet og engasjement. Det bygger både omdøme og varemerke – på ein måte som følast ærleg og nært.
Eg vil også slå eit lite slag for lokal handel. Når vi handlar lokalt, får vi tettare kontakt med dei som hjelper oss – ekte menneske med fagleg tyngde og eit ekte ønske om å gi deg den beste opplevinga.
Hos Interoptik Volda opplevde eg nettopp det – ein stad der kundane blir sett, og kvar vurdering blir gjort med omsorg og presisjon.
Tusen takk for tilliten – det var ei sann glede å få vere med og dokumentere dykkar viktige arbeid!
Her er nokre av portretta som blei tatt, samt to oppsett med gruppe.
Leave a comment
0 Comments