Friday, June 27, 2025 | By: Fotograf MA AS
Nora & Thor – ei regntung, hjartenær og magisk feiring i Leikong kyrkje
Nokre dagar bærer på noko heilt eige. Bryllaupet til Nora og Thor var ein slik dag – full av kjensler, nærleik og inderleg varme. Ute fall regnet stille over Larsnes, som om himmelen sjølv tok del i andakten. Men då vielsen var over, letta skyene, og sola glimta fram. Det kjentes som ei velsigning – som om naturen sjølv ville feire kjærleiken deira.
Det var også små brudepiker som venta spent på brura si. Med kjolar som blafra og blomster i hendene, stod dei klare – fulle av forventning og litt kribling i magen. Det er noko uforgløymeleg over barneauge som speglar eit eventyr dei får vere ein del av.
Eitt av dei mest rørande augneblikka denne dagen, var då Nora si far førte henne fram til alters. Han er ikkje i god form, og det at han likevel klarte å ta desse stega med dottera si – det var så sterkt at det vart vanskeleg å halde tårene tilbake. For både dei som sat i benkeradene – og for meg bak kamera.
Eg blir lett rørt i bryllaup. For det handlar ikkje berre om blomster og kjolar – det handlar om menneske. Menneske som har latt meg kome tett på, som har delt draumar, nervar, kjærleik og historie. Eg har fått bli kjend med Nora og Thor, og det gjer det ekstra sterkt å vere til stades akkurat når dei seier ja til kvarandre.
Når brudeparet reiser seg og går fram til alteret, då står tida stille. Hjartebank, spenning, augneblikk fulle av konsentrasjon. Nokon held pusten, andre lukkar auga. Og om eg får lov av presten, stiller eg meg bak ved alterringen. Det er det mest verdifulle ståstaden for meg – for her får eg fange det stille dramaet, det ordlause, det ekte. Dette er kjernen. Og kvar gong kjenner eg takknemlegheita over å få vere der, midt i kjærleikens augeblikk.
Etter vielsen, då Nora og Thor trådde ut på kyrkjetrappa, møtte dei flokken sin – ein heil gjeng med smil og jubel berre for dei. Det er noko heilt eige med å stå der som nygifte, og sjå ut over alle som kom for å feire nettopp dykk to. Eg såg gleda i augene til vener og familie – og det var rett og slett magisk.
Nora si bukett var eit kapittel for seg sjølv. Ho hadde brukt mykje tid på å finne dei rette blomane – det var ikkje enkelt å få det til akkurat slik ho såg det for seg, men resultatet vart heilt perfekt. Eit lite kunstverk i fargar og former, like gjennomtenkt som resten av dagen.
Alt i alt – dagen var eit vakkert vitnemål om to menneske som høyrer saman. Og for meg var det ei ære å få dokumentere det heile – tårene, smila, dei stille stundene og jubelen. Tusen takk, kjære Nora og Thor, for at eg fekk vere med og fortelje historia dykkar.
Leave a comment
0 Comments